Eg tenkte eg kunne skrive ned kva eg meinar når det kjem til politikk og fyrst ut er det omdiskuterte emnet innvandring.
Innvandring til Noreg er i dag altfor lett. Og om ein fyrst har kome seg inn skal det ein del til før du blir kasta ut. Å kome til Noreg burde vere eksklusivt. Og når du fyrst har kome hit burde du bli integrert i landet etter best mogleg måte. Og jo meir du jobbar for di eiga integrering jo fleire gulrøter får du frå myndigheitene.
Vi burde ikkje sleppe inn personar som ikkje har ein identitet, altså dei som svir vekk fingeravtrykka sine og ikkje har papir, sidan dei tydeligvis prøvar å skjule noko.
Vi burde sende ut ALLE utenlendingar som blir tatt for kriminalitet i Noreg sidan norske fengsel er som ei gratis ferie frå heimlandet.
Vi burde ikkje halde personar som er farlige for det norske samfunn i Noreg berre fordi det er farleg for dei i heimlandet.
søndag 13. juni 2010
torsdag 13. mai 2010
ENDÅ EIN BLOGG
Eg har laga endå ein blogg. Denne er berre til kritiseringa av alt eg finner som er gale i dagens Noreg. Derfor det søte namnet.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)